Krimfest Sunnfjord - 24.-26. september

I år er det 4. året vi i Sunnfjord (Førde) arrangerer krimfest som er 3-4 dagar med krimlitteratur, teater, kino og høveleg musikk. Dette er ei bokleg oppleving med krim og spenningslitteratur. Temaet i år er Hekser – sterke kvinner. Vi har invitert Tom Egeland og Yrsa Sigurdardottir til opningskvelden. Kvitt Magisk orkester leia av Ivar Orvedal syter for magisk musikk og som ein avslutning på kvelden får vi oppleve konsert med Sigrid Terese Moldestad som fortel om dei tøffe spelkvinnene på 17-1800talet- og så går det slag i slag utover veka med Gunnar Staalesen som er vår gode støttespelar. Han let oss få ein smakebit av boka Hekseringen under Heksenatta i Angedalen, fredagen. May Grethe Lerum er frå vårt eige fylke og skreiv om Livets døtre – som er akkurat dei kvinnene vi hadde i tankane når vi bestemte temaet – vi møter henne også under krimnatta under temaet “Kvinnekunskap på liv og død”. Det er Olaug Nilsen, frå Førde som i år skal presentereast som årets lokalforfattar og vi får møte henne laurdagen saman med May Grethe og Gaute Losnegård som også er lokal historikar og forfattar av historiske dokumentarbøker bl.a. Sogn og Fjordane Teater er medarrangør av krimfesten og stiller alltid med eit aktuelt teaterstykke. I år er det nordisk premiere på det Irske stykket Lindetreets løyndom i krimmånaden september. Dei som vil vite meir må gå inn på www.krimfest.no!

Vist 50 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder