Krimfest Sunnfjord - 30.sept.-2. okt

Så er det duka for ein ny krimfest her i Førde i Sunnfjord. Det er femte året vi arrangerer, så det er eit lite jubileum. Vi har gjennom desse fem åra hatt besøk av fleire av våre største krimforfattarar og vi har også hatt som mål å presentere nye ferske forfattarar. I år har vi sikra oss Hans Olav Lahlum som debuterer innan sjangeren krim med boka “Menneskefluene” Kritikkane han får er fantastiske og vi gledar oss stort!
Vil de vite meir om Krimfest Sunnfjord – sjå inn på sida www.krimfest.no eller www.krimfest.origo.no

Vist 47 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder