| Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på bergen360 (søndag 19. juni 2011). Les mer om roperten… Bli med på bokfest og kjøp billige bøker![]() ![]() ![]() Kvart år er det boknatt i Bokbyen i Fjærland (Sogn og Fjordane). Bokbyen har mest truleg den største samlnga av krim og religion i landet. Vi har òg eit kjempeutval biografiar, nok skjønnlitteratur for den mest kritiske litterat, og sjeldne bøker innan eit breitt utval faglitteratur. Vi sit på både brei litteratur og spesialbøker. Med 4000 hyllemeter med bøker skal det godt gjerast at du ikkje finner ei bok du likar. Dersom du har for mykje bøker i hyllene, KOM til Fjærland og sel dei på boknatti 25.juni. Les meir om kva boknatti er hjå bokbyen. Dette er grunnlaget for boknatti. Ein sumarkveld i ei villvakker sognabygd, full av litteratur. Ein stor marknad der du kjem med dine eigne bruktbøker, leiger eit salstelt hjå oss, og sel bøkene dine til den ljose morgon. Kvar laurdag nærast jonsok set me opp ei mengd telt og lagar bokfest. Attåt dette kjem konsertar, opplesingar, forfattarar og godtfolk, mat og drikke. Programmet for 2011: Fredag 24. juni 20.00: Intimkonsert på Hotel Mundal. Unge talent med kjente songar. Onkel Mikkel, kr 50,- Laurdag 25. juni 16.00: Boknatti opnar, flagget til topps! 16.30: Heavykatten i bokbyen. Roald Kaldestad. Scena, gratis. 17.00: Møte med keisar Wilhelm. Svein Skotheim presenterer keisaren og boka om han. Oppdag nye sider ved den mest celebre turisten på Vestlandet. Leseteltet, gratis. 18.00: Kjartan Hatløy les høgt frå diktsamlinga Fjord. Leseteltet, gratis. 19.00: Per Olav Kaldestad & Kjartan Hatløy: Lyrikk om og i naturen. Leseteltet, gratis. 20.00: Bokstablekonkurranse for born og vaksne. Tusund og ei natt, kr 10,- pr. forsøk 21.30: Konsert: Vaksne menn på ville vegar – ein litterær kabaret. Ragnar Hovland, Per Olav Kaldestad, Roald Kaldestad, Atle Hansen og Hans Sande med humor, sentimentalitet, romantikk og musikk. Scena, gratis. Bokmarknad og folkefest i Mundal. Forfattarar, konsertar, litteratur, mat og drikke. Boknatti er eit ypperleg høve til å bli kvitt overskotsbøker! Kontakt Den norske bokbyen på 57692210 / post@bokbyen.no, leig salstelt og ver bokhandlar for ein dag. Overnatting: sjå http://fjaerland.org / tlf. 57693233.
Vist 116 ganger. Følges av 1 person. | ||